Få tilgang til alt du treng for å skru bil sjølv – utan å måtte eige alt utstyret. I vår gjer-det-sjølv-verkstad får du ein komplett og profesjonell arbeidsplass, der du kan gjere service, reparasjonar og vedlikehald på eigen bil eller andre maskiner/utstyr.
✅ Løftebukk – gjer arbeidet enklare og tryggare. 3200 Kg kapasitet
✅ Handverktøy – det meste du treng for vanlege bilreparasjonar
✅ Profesjonelt OBD2-diagnoseapparat – feilsøking på moderne bilar
✅ Arbeidsbenk med skrustikke – solid underlag til småjobbar
✅ Eksosavsug – tryggare og betre arbeidsmiljø
✅ Bremsetestar – test bremsene sjølv med profesjonelt utstyr
✅ Trykkluftverktøy – blant anna 1" muttertrekkar og luftmeisel
✅ Toalett og oppvarma lokale – komfortabelt og praktisk
Prisar:
- Pr. time: kroner 625,-
- Pr. dag: kroner 2500,-
- Pr. veke: 6000,-
- Pr. månad: 12 500,-
Alle prisar er inkludert moms. Det er dessverre ikkje høve til å bestille leige på månadsbasis her i nettbutikken. Ta kontakt om du ønskjer dette. Ønskjer du å leige heile verkstaden for å drive verkstaddrift? Du når oss på 955 59 649 eller på post@haugsbobil.no.
Framleige er ikkje tillete.
Opningstider: Verkstaden er open frå 10.00 til 21.00.
Book enkelt her i nettbutikken og få tilgang til verkstaden når det passar deg.