Informasjon

Personvern

Personvernserklæring

Haugsbø Bil ønskjer at du som brukar skal vere trygg på at vi tek i vare ditt personvern og behandlar alle personopplysingar i høve til lovgjevinga.

Personopplysingar

For å nytte nettbutikken, må du oppgje namn, adresse, telefonnummer og e-post. For å registrere ein ordre må det også bli lagra opplysinger om tidspunkt for utleige og kva slags utstyr som er reservert eller bestilt. Det er 18 års aldersgrense på bruk av tenesta, og du må derfor også oppgje ditt fødselsår ved registrering. Ved bruk av tenesta lagrast ordrehistorikken din. Desse personopplysingane brukast for å levere tenesta til deg. Desse personopplysingane oppbevarast så lenge du står registrert som brukar hjå oss. Dei personopplysingane vi har registrert er tilgjengeleg og kan endrast på di side, som du finn inne i nettbutikken etter innlogging. Du kan også kontakte oss og be om at vi fjernar dine personopplysingar, eller å bli avregistrert frå våre system. Du vil då ikkje lenger kunne nytte tenesta med mindre du registrer deg på nytt.

Personopplysingar til tredjepart

Haugsbø Bil vil ikke selgje, byte, eller vidareformidle dine personopplysingar. Nett-bookinga handterast i eit system som blir levert av Sharefox.

Betalingsinformasjon

Når du bestiller lagrast kortinformasjonen din hos betalingsleverandøren DIBS for å ta i vare di ordre. DIBS oppbevarer informasjonen på ein trygg og forsvarleg måte og er PCI-sertifisert. Dette gjer at vi kan handtere endring av ordre, oppheving av reservasjon slik som depositum, kreditering, ytterlegare kostnadar frå brukaren (ved for sein innlevering, skade eller liknande), samt redusere misbruk og svinn. Transaksjonsopplysingar blir lagra relatert til ordren din, men altså ikkje kortopplysingane. Transaksjonsopplysingar vil bli lagra så lenge du står registrert som brukar av tenesta jf. punkt om personopplysinger.

Bruk av innsamla opplysingar

Personopplysingane som samlast inn for desse føremåla inkluderer både opplysinger som du sjølv oppgjer (namn, e-postadresse m.m.) og informasjon som samlast inn gjennom nytting av tenesta. Dette kan vere kva utstyr du leiger og informasjon om eininga du brukar til tinging. Informasjon om eininga kan vere posisjon og teknisk informasjon, samt internett-tilkopling. Personopplysingane vil kunne bli supplert med tilgjengeleg informasjon frå tredjepartsaktørar.

Informasjonskapslar (cookies)

Når du nyttar deg av tenesta vår brukar vi ulike teknologiar for å kjenne igjen deg som brukar og samle inn data. Vi brukar eksempelvis informasjonskapslar (cookies) for å hugse leigedatoar og utstyr. Informasjonskapslane forenklar bruken av tenesta og gjer deg relevant informasjon når du vitjar nettsida vår. Dei brukast også til å mellomlagre data som tilgjengelege utleigedatoar, prisar og liknande.

Tenarloggar (serverloggar)

Gjennom tenarloggar (serverloggar) og andre verkty kan vi registrere informasjon om eininga di og tilkoplinga til tenesta vår, herunder operativsystem, nettlesarversjon, IP-adresse, informasjonskapslar og unike identifikasjonsfiler. Denne informasjonen brukast i anonym og aggregert statistikk, men kan også koplast mot din brukarkonto. Informasjonen gjer blant anna at vi kan tilpasse visinga av tenesta til den eininga du brukar.