Treng du å leige ein minigravar i Sunnfjord og omegn? Sterk og smidig minigravar perfekt til gravearbeid der ein må ta omsyn til plass og underlaget. Om du har eit prosjekt heime du har lyst å prøve deg på er denne maskina svært lettkøyrd, og kan køyrast utan noko form for kompetansebevis eller liknande. Kanskje har du ein liten maskinførar i deg?
Maskina blir levert vaska, ferdig smurt og med full tank, klar til arbeid. Maskina må vaskast og fyllast med diesel før tilbakelevering. Om ikkje tilkjem vaske- og dieselgebyr på kroner 1250,-.
Modell: Hitachi ZX19-5
Eigenvekt maskin: 1950 kg
Breidde: 980mm til 1280mm (justerbar breidde på understellet)
Høgde: 2380mm